Klyngetunet

Midt i hjartet av vakre og ville Olden ligg Olden Farm, opprinnelig eit klyngetun frå 1400-talet. I over 700 år har slektene på Brynestad livberga seg av den frodige jorda her.

Olden Farm ligg omkransa av fjell på over 1500 meter. Det går fleire snøras kvar vinter, så garden er bygd på den tryggaste plassen bøndene kunne finne. Her kan du sjå gamle, autentiske hus frå 1700-talet og jordbruksutstyret dei nytta på den tida. I den eldgamle grua får du innblikk i korleis dei kokte maten sin. Ta ein tur inn mellom husa, rusle rundt og nyt fred og ro i eit gamalt, men samtidig levande gardstun.

 
Klyngetunet Olden Farm. Fotograf: Dag Ulvedal.
 
 

Grua på Olden Farm er lun og vakker. Her kokte dei maten sin i gamal tid.

 

I husa kan du sjå reiskap som vart nytta i jordbruk og matlaging.

 
 
Klyngetunet Olden Farm. Fotograf: Dag Ulvedal.
 

Husa på garden er plasserte slik at dei skal vere trygge mot snørasa som går kvar vinter.

 
 
 
 
 

Tun og gardsfolk pynta til feiring på nasjonaldagen i 2025. “The tree of love” kan du kvile under heile året.


Opplev meir på Olden Farm

Next
Next

Møt dyra